"Eg har høyrd fortalt om ein mann og ei kone som budde på ein liten holme her i bygda. Dei hadde ei småjente på 8-9 år då dette hendte. Det skulle vere kring 1860. Ein dag inn under jul skulle dei ro til ei noko større øy. Den øya som plassen låg under. Han skulde freista få noko mat til jula, i byte med utført arbeid. Så rauk det opp med sørvest. Uråd å koma heim. For ei natt det måtte vere, både for dei og for småjenta. Mot natta, då mørket kom og foreldra ikkje kom, å leita ho seg til fjøset. Leita seg opp i båsen til kua, og der ihopringa om halsen på kua reid ho av stormnatta. Og der fann foreldra henne sovande då dei om morgonen kom heim"
- P. Solheim, "Helgelandskysten", upublisert nmanuskript.
"Præstegaarden [på Sør-Herøy] var før Delingen af det gamle Alstahaug den sydligste Gaard i Sognet;[...] Den er en omflødt Øe, hvorpaa ingen andre boer end Kirkesangeren og Gaardens Huusmænd."
- J. O. Walnum, i kallsboka for Herøy prestegjeld, 1864.
|